Yrkesdagen 2025
Torsdag vart Bømlo kulturhus fylt av framtidas arbeidstakarar då Yrkesdagen 2025 gjekk av stabelen. Over 200 tiandeklassingar fekk møte rundt 40 representantar frå næringslivet på Bømlo. I tillegg var Bømlo vidaregåande skule til stades med informasjon om dei ulike utdanningsprogramma dei tilbyr.
Yrkesdagen er eitt av dei viktigaste arrangementa til Bømlo Opplæringskontor, og blir gjennomført med midlar frå Vestland fylkeskommune som Bu i Sunnhordland søkjer om på vegner av opplæringskontoret. Målet er å gi ungdommane eit breitt og realistisk bilete av yrkeslivet, slik at dei står betre rusta til å ta gode val for framtida. Me har eit stort mangfald i yrkeslivet på Bømlo, og dette ønskjer me å vise fram til elevane.
I år var det tre område som fekk ekstra merksemd frå scenen: helse, mekanisk industri og havbruk. Desse næringane er både sentrale for lokalsamfunnet og har eit stort behov for rekruttering i åra som kjem. Gjennom korte innlegg frå både leiarar, lærlingar og fagarbeidarar fekk elevane høyre korleis kvardagen i desse yrka ser ut, og kva moglegheiter som finst for vidare utdanning og karriere.
I tillegg til fokus på fagområder, hadde Arnhild Tveita-Larsen frå opplæringskontoret og Malene Remø Tveita frå 10. klasse på BUS eit innlegg om ulike vegar til målet. Malene har nyleg vore i praksis i opplæringskontoret, og hadde laga presentasjonen saman med Arnhild.
Etter lunsj gjekk arrangementet over til yrkesstasjonar, der dei om lag 40 representantane frå arbeidslivet tok imot elevar til samtale og spørsmål. Her fekk ungdommane høyre om korleis kvardagen er i dei ulike yrka, og spørje om det dei måtte lure på.
Bømlo Opplæringskontor ønskjer å rette ein stor takk til alle som tok seg tid i ein travel arbeidskvardag for å stille opp for ungdommane. Det er denne typen engasjement som gjer at me klarer å vise fram breidda i lokalt arbeidsliv og skape interesse for framtidas yrke. Me håpar mange av desse ungdommane kjem tilbake som lærlingar eller tilsette i Bømlo-bedrifter om nokre år!