Korleis bli lærebedrift?

Hei på deg Bømlabedrift.
Kjekt å sjå at du vil samarbeide!

Close-up of a turquoise and black abstract, curvy line pattern.
Tilsett opererer maskin på lager hos ei lærebedrift på Bømlo

Fordelar med å vera lærebedrift

Ved å bli lærebedrift sikrar du kompetanse for framtida. Du får i tillegg vera med på å kvalitetssikre opplæringa for å sikre gode fagarbeidarar, samt skreddersy kompetansen som di bedrift treng. 

Ved å blir lærebedrift viser di bedrift at de er bevisst samfunnsoppdraget det er å få utdanna fagarbeidarar, dette vil igjen vera eit kvalitetsstempel for kundar og samarbeidspartnarar.

Opplæringskontoret bistår deg på vegen!

Ung mann med caps arbeider med maskinutstyr hos ei lærebedrift

Bømlo opplæringskontor er eit fleirfagleg opplæringskontor for private og offentlege verksemder. Me skal fasilitere for opplæring i alle lærefag innan privat og offentleg arbeidsliv og fremja samarbeid skule – næringsliv.

Eksempel på ting me kan bistå med:

  • Hjelpe med søknad om å bli godkjent lærebedrift

  • Hjelpe samarbeidsbedriftene å lage intern plan tilpassa eiga drift

  • Fasilitere halvårssamtalar fram til samarbeidsbedriftene er trygg på gjennomføring på eiga hand

  • Gje råd i saker rundt læring og lærlingeordninga

  • Vera kontakt inn mot rettleiingstenesta i fylket

  • Gje råd om korleis følgje opp lærling og korleis sikre opplæring i alle kompetansemål i læreplanen

Eksempel på oppgåver som fell på opplæringskontoret:

  • Oppmelding til fagprøve

  • Signering av lærekontrakt med fylket og lærling (arbeidsavtale må teiknas med lærebedrift)

  • Ulike typar samlingar med lærlingane me ulike tema, eksempel fagprøven

  • Få bedrift og lærling på plass i fagbrev.io

  • Rekrutteringsarbeid på grunnskule og vidaregåande skule

Me har til ei kvar tid om lag 70-80 lærlingar fordelt på ulike fag i ulike bedrifter. Dette talet varierer i løpet av året. Me har til saman over 30 samarbeidsbedrifter i opplæringskontoret.

FAQ

Tilsette får rådgjeving via videosamtale hos Bømlo Opplæringskontor
Green check mark icon on a black background.

Har du andre spørsmål? Ta kontakt!

Velkommen til oss

Velkommen til oss

Arnhild Tveita-Larsen, dagleg leiar i Bømlo Opplæringskontor

Arnhild Tveita-Larsen

Dagleg leiar Bømlo opplæringskontor

John Helge Møgster, konsulent i Bømlo Opplæringskontor

John Helge Møgster

Konsulent, ansvarleg for kommunale lærlingar

Lærlingar i verksted hos ei medlemsbedrift på Bømlo