Næringslivet på Bømlo ropar etter fleire flinke folk. Du kan bli ein av dei!

Korleis blir eg lærling?

Du søkjer læreplass direkte hos lærebedrifta, akkurat som ein vanleg jobbsøkjar. Går du allereie på yrkesfag har du kanskje tankar for kor du vil gå læretida. Det skadar iallfall ikkje å vise interesse på førehand.

Når søkjer eg plass?

Bedriftene ser etter lærlingar på ulike tidspunkt, som oftast mellom desember og mars. Det er lurt å vere på utkikk på platformane til bedriftene som er aktuelle for deg.

Har du spørsmål om lærlingeordninga eller andre ting kan du ta kontakt med oss.

To tilsette arbeider saman i eit lager, ser på varer på hyller
A large green arrow with a loop pointing downward and to the right.

Kven får plass?

Bedriftene ser etter motiverte kandidatar, så det gjeld å gje eit godt inntrykk. Vis interesse for faget og bedrifta, og det er viktig å vise til godt oppmøte på skulen.

Hugs! Om du allereie hospiterer i ei bedrift du vil søkje læreplass hos, så er du allereie vurdert som aktuell lærling. Vis interesse, ver aktiv og still spørsmål!

Men… kva om eg vel feil?

Dette er ikkje noko å vere redd for. Nokre ting som er lurt å huske på:

  1. Det er mogleg å byte retning, men me anbefalar å fullføre året du har starta på. Sjå på det som ein moglegheit til å utvide horisonten din!

  2. Det finst mange vegar til målet – ta kontakt med nokon som kan rådgje deg

  3. Ingenting er bortkasta! Interessene dine vil endre seg i løpet av livet, og det vil nok og forme yrkesvala dine

Ponget er at ein ikkje treng vere redd for å prøve ut ulike fag eller ombestemme seg. Det er mange spanande yrkjer å velje i!

Lærling i helsearbeidarfaget hjelper ein pasient på sjukeheim
Lærlingar i verksted hos ei medlemsbedrift på Bømlo

Klar for å søka?

Klar for å søka?

Ung mann med hodetelefonar under eit digitalt jobbintervju

Søkeprosessen, steg for steg

A stylized green checkmark and arrow on a black background.

Pssssst! Treng du nokon til å sjå over søknaden din? Send den til oss så ser me over den og gjer deg ein tilbakemelding!

Jonas Bjørnevik, elev i 10. klasse som vurderer yrkesfag hos Bømlo Opplæringskontor

“Eg forventar ein anna type skulekvardag, sidan eg har valt ut i frå interessene mine”

Jonas Bjørnevik
Elev i 10. klasse

Jørgen Sørvik Torkelsen, lærling i automasjon hos Bømlo Opplæringskontor

“Det beste med å vera lærling er å kjenna på fagleg meistring og aukande ansvar og tillit på jobb. ”

Jørgen Sørvik Torkelsen
Lærling i automasjon

Caroline Gilje, fagleg leiar industrimekaniker hos Bømlo Opplæringskontor

«Det kjekkaste med å ha lærlingar er moglegheiten til å lære opp andre i eit fag me sjølv brenner for»

Caroline Gilje
Fagleg leiar Industrimekaniker

Ikkje begynt på yrkesfag enda?

Verkar yrkesfag og lærlingordninga interessant? På vigo.no finn du yrkesfaget som passar deg!

finn lærebedrift får du oversikt over dei fleste lærebedriftene i Noreg.

Snakk med oss!

Snakk med oss!

Arnhild Tveita-Larsen, dagleg leiar i Bømlo Opplæringskontor

Arnhild Tveita-Larsen

Dagleg leiar Bømlo opplæringskontor

John Helge Møgster, konsulent i Bømlo Opplæringskontor

John Helge Møgster

Konsulent, ansvarleg for kommunale lærlingar

Lærling arbeider med maskindelar i verksted hos ei medlemsbedrift på Bømlo