Malene si hospiteringsveke hos oss
Malene og Mari i full kampanjeplanlegging
For eit par veker sidan hadde Bømlo Opplæringskontor gleda av å ha Malene Remø Tveita, elev på 10. steg ved BUS, inne som hospiteringselev. I løpet av dei tre dagane ho var inne hos oss fekk Malene prøve seg på ei rekke ulike oppgåver.
Malene bidrog blant anna inn i planlegginga av innhaldet til Yrkesdagen, der ho var med å utarbeide eit innlegg om ulike vegar til fagbrev. Ho sørgde òg for å klargjere premiar til konkurransane som vart gjennomførte denne dagen. I etterkant av sjølve hospiteringa stod Malene på scena under Yrkesdagen for å presentere innlegget ho hadde vore med å lage, og bidrog elles under dagen som ei støtte for Bømlo Opplæringskontor.
Klargjering av premiar
Ho deltok også i arbeidet med å planleggje marknadsføringskampanjar retta mot både tiandeklassingar som skal velje utdanning og vidaregåandeelevar som står i val av retning vidare. Her kom Malene med fleire gode innspel og kreative idear. Det var veldig nyttig for oss å kunne diskutere kampanjar med nokon som faktisk er i målgruppa me ønskjer å nå.
Det var tre kjekke dagar med Malene på besøk, og me drog stor nytte av arbeidet som ho bidrog med. Me håpar ho fekk eit godt innblikk i korleis det er å jobbe i Bømlo Opplæringskontor.
Me ønskjer Malene lykke til vidare, og takkar for ein flott innsats!