Vg1 TIF på bedriftsbesøk
Omvisning hos Wärtsilä
Bømlo Opplæringskontor arrangerte nyleg ein besøksdag for dei fire klassane på Vg1 Teknologi- og industrifag (TIF), der elevane fekk kome tett på lokalt næringsliv innan mekaniske og teknologiske fag. For å sikre eit godt læringsutbytte hadde opplæringskontoret laga eit arbeidsoppdrag med oppgåver knytt til både førebuing, sjølve besøket og etterarbeidet.
Bakgrunnen for besøksdagen er at Vg2 Produksjon og industriteknikk (PIN) ikkje vart starta opp i år på grunn av for få søkarar. Samstundes har verksemdene på Bømlo eit stort behov for både lærlingar og fagarbeidarar med nettopp denne kompetansen. Difor opna bedriftene dørene og viste elevane kva ein faktisk kan jobbe med dersom ein vel denne yrkesretninga.
Bedriftene som deltok var Wärtsilä, LOS Marine, Matre, Servogear, i4Factory, Siemens Energy og Bømlo Skipsservice.
Omvisning hos LOS Marine
Klassane vart fordelt ut i bedriftene, der dei møtte fagfolk, såg moderne produksjonsutstyr, og fekk innsikt i ulike arbeidsoppgåver og karrierevegar. Elevane vart imponerte over kor mykje spennande som skjer i lokalt næringsliv, kor moderne og avanserte produksjonsmiljøa er, og kor mange ulike retningar ein kan velje innanfor teknologi- og industrifag. Mange uttrykte at dei ikkje visste at bedriftene på Bømlo jobbar med så høgteknologiske løysingar, robotikk, sensorikk og maskiner i verdsklasse.
Etter bedriftsbesøka samla alle klassane seg i auditoriet i Kunnskapssmia, der dei skulle presentere for dei andre klassane kva dei hadde sett og lært i dei ulike bedriftene. Slik fekk dei høyre om alle bedriftene, og ikkje berre dei bedriftene (1-2) kvar elev hadde hatt anledning til å besøke.
Presentasjon til dei andre klassane
Bømlo Opplæringskontor håpar at denne dagen kan bidra til å løfte interessa for mekaniske og teknologiske fag, og til at fleire vel å søke vidare på vg2 PIN slik at me kan oppretthalde ei linje som lokalt næringsliv er avhengig av.