Fagleg samling med fokus på hospitering

Onsdag 19. november samla Bømlo Opplæringskontor faglege ansvarlege, instruktørar og andre som jobbar tett på lærlingar, samt Bømlo vgs, til ei fagleg og sosial samling. Målet var å dele erfaringar, styrke samarbeidet mellom bedrifter, og mellom bedrift og vgs, for å skape betre rammer for både hospiteringselevar og framtidige lærlingar.

Opplæringskontoret ønskte velkommen og starta dagen med ei kort innføring i kva dei kan bistå bedrifter og lærlingar med. Dei gav òg ei oppsummering av kva dei har jobba med dette semesteret, samt verdspremiere på reaksjonsfilmen frå Yrkesdagen 2025, produsert av Vestland Media.

Vidare fekk alle rundt bordet presentere seg og si litt om sine roller. Det var ei samansett gruppe med både faglege ansvarlege, instruktørar og andre ressursar frå medlemsbedrifter. Bømlo vgs var og til stades med ressursar frå fleire avdelingar og linjer. Etter introduksjonen blei det servert lunsj og lagt opp til uformell mingling. Dette er ein del av samlinga som ofte er minst like verdifull som det organiserte programmet.

Etter lunsj heldt Asbjørn Mæland frå Rettleiingstenesta eit innlegg om korleis bedriftene kan møte elevar som kjem ut i hospitering eller lære for første gong. Samlingas hovudtema var nettopp korleis skape gode møte og trygge rammer som bidreg til at hospiteringselevar får ei positiv oppleving og kanskje kjem tilbake som lærlingar seinare.

Deretter hadde Andreas Tislavoll frå Bømlo vgs eit innlegg. Han delte korleis elevane ønskjer å bli tatt imot, og kva skulen jobbar med for å førebu dei på møte med arbeidslivet. Han understreka kor viktig det er for elevar å få kjennskap til dei yrka dei vurderer å gå vidare med.

Dagen vart runda av med ein workshop der deltakarane delte korleis dei førebur seg på hospitering, og fleire delte frå deira hospiteringsopplegg. Det blei òg snakka kring utfordringar som kan oppstå, og korleis ein kan løyse dette på best mogleg måte i samarbeid med skulen.

Me takkar for deltakinga, og for nyttige innspel til kva tema me kan ha på neste samling!

Next
Next

Vg1 TIF på bedriftsbesøk