Digitalt kurs, yrkesfagleg vg3-eksamen
Vestland fylkeskommune tilbyr gratis minikurs på nett for deg som skal ta yrkesfagleg teorieksamen på vg3 (3103). Folk som ikkje er oppmeldt i haust, men som planlegg å ta eksamen seinare er også velkomne til å vere med om dei ønskjer. Det same er representantar for samarbeidsorgan og lærebedrifter.
Kurset er totalt på 4 timar, fordelt på to kveldar:
Tysdag 04.11.25 kl. 17-19: Informasjon om praktisk gjennomføring av eksamen og eksamensretta IKT-opplæring.
Onsdag 05.11.25, kl. 17-19: Norsk - korleis svara godt på ei eksamensoppgåva.
Du nyttar same møtelink begge dagane:
https://teams.microsoft.com/l/meetup-join/19%3ameeting_OWUxZmI2ZjQtNzc3Yy00ODZlLWExN2EtOGRmZjNhM2U0…
Last ned Teams på mobilen eller følg kurset på nett på ein PC. Vanskar med å kome inn i møtet når det startar? Send mail til agnete.naustdal.aase@vlfk.no.
Dette kurset er heilt gratis og har inga påmelding. Velkommen!