Bremnes Seashore satsar på fagkompetanse

Forrige veke vart Bømlo Opplæringskontor og Rettleiingstenesta invitert til Bremnes Seashore for å halde eit informasjonsmøte om ulike vegar til fagbrev. Bremnes Seashore hadde samla tilsette frå fleire fagområde som har ulik praktisk erfaring. Som arbeidsgjevar ønskjer dei å leggje til rette for at dei som ønskjer, kan gjennomføre fagprøven.

Bømlo Opplæringskontor og Rettleiingstenesta informerte om ulike vegar til fagbrev, med særleg fokus på «Fagbrev på jobb» og praksiskandidatordninga, som er mest relevant for målgruppa. Deltakarane fekk både råd om kva ordning som passar best i ulike situasjonar, og praktisk informasjon om korleis ein går fram for å signere «Fagbrev på jobb»-kontrakt eller melde seg opp til fagprøve som praksiskandidat.

 Bremnes Seashore satsar aktivt på å behalde og utvikle eigne fagfolk. Leiinga viser ansvar ved å ta initiativ til slike møte og ved å legge til rette for at tilsette som ønskjer det får ta fagbrev.

Ta kontakt om di bedrift ønskjer besøk - Opplæringskontoret og Rettleiingstenesta er alltid tilgjengelege for å informere samarbeidsbedrifter om ulike vegar til fagbrev!

Next
Next

Lærling-kickoff