Lærling-kickoff

Forrige veke inviterte me alle nye lærlingar til ein full dag med både aktivitetar og fagleg innhald for å få ein kick-start på læretida. Lærlingane representerer ulike lærefag og har læreplass i samarbeidsbedrifter frå eit breitt utval næringar.

Me starta dagen på Gullvegen Gardstun der lærlingane (og nokre heldige instruktørar/vaksne) fekk prøve seg på ulike “farmen” leikar. Totalt var det 4 lag som kjempa om sigeren gjennom spanande gårskonkurransar, og konkurranseinstinktet var på topp (spesielt blant dei vaksne…).

Lærlingane fekk bryne seg på øksekast, pil og bue, idealtid (telje nærast mogleg 5 minutt), spikerkonkurranse og mjølkespann. Faktisk sto alle 4 lag til rekord i mjølkespann, så her var det absolutt ingenting å utsetje på innsatsen!

Etter nokre kjekke timar på Gullvegen Gardstun gjekk turen vidare til Langevåg Bygdatun, der kafèen serverte oss god lunsj. Etter lunsjen var det tid for litt fagleg innhald, og Therese Husa frå Eidesvik Offshore AS var først ute med å fortelje litt om korleis dei jobbar med lærlingar, og kva som er forventa av lærlingane når dei no skal ut til ulike bedrifter.

Vidare fortalde Asbjørn Mæland frå Rettleiingstenesta og Arnhild frå Opplæringskontoret om kva dei kan bistå med inn i læretida. Begge to delte sine beste tips for å få mest mogleg ut av læretida og stille best mogleg forberedt til fagprøven.

Me takkar alle som kom for ei veldig kjekk første samling, og gler oss til me sjåast igjen seinare i læretida. I mellomtida er Opplæringskontoret alltid tilgjengeleg for lærlingar og instruktørar.

Previous
Previous

Bremnes Seashore satsar på fagkompetanse

Next
Next

Strategisamling for Bømlo Opplæringskontor