Strategisamling for Bømlo Opplæringskontor
I juni hadde styret i Bømlo Opplæringskontor ei strategisamling der me drøfta vegen vidare. Målet var å stake ut ei klar retning for dei kommande åra, og å sikre at me er godt rusta til å møte behova til både lærlingar og næringslivet.
Samlinga resulterte i mange gode diskusjonar og konkrete målsetjingar, og styret samla seg om ein felles visjon for framtida.
Ein av dei største utfordringane me ser framover, er rekruttering. Dette vil me jobbe målretta med i tida som kjem. Allereie no har me fleire tiltak på trappene, blant anna ein plan for rekruttering til vg2 industriteknologi. For å starte dette arbeidet skal me ha møte med både Bømlo vidaregåande skule og Bømlo Næringsråd, og utover hausten vil me aktivt involvere bedriftene.
Å få tilbake linja for industriteknologi på Bømlo vgs er viktig av to grunnar: Elevane våre skal ha tilbodet lokalt, og næringslivet på Bømlo har eit stort behov for fagfolk innan dette området.
Strategisamlinga gav oss eit godt grunnlag for vidare arbeid, og me vil fortelje om fleire tiltak i tida som kjem. Dersom nokon har innspel til opplæringskontoret og forslag til kva me bør arbeide med så er me alltid opne for å lytte – berre ta kontakt 😊