Hauststart for lærlingar og opplæringskontor

Hausten er i gang, og me ynskjer alle nye lærlingar hjarteleg velkomne. Me gler oss til å møte dykk på lærlingsamlinga 10. september, og håpar at dette blir ein kjekk dag der ein både får møtt andre lærlingar samt litt nyttig informasjon om læretida. 

For opplæringskontoret er det travle og spanande dagar. I tillegg til lærlingsamlinga er me godt i gong med planlegginga av årets Yrkesdag, som vert torsdag 6. november. Me kjem snart til å gå i gong med å kontakte bedrifter for å stille med ulike yrkjer til denne dagen, og håpar at de vil bidra til å bevisstgjere dei unge om alle moglegheitane som finst. 

Bilete frå yrkesdagen 2024

Elles hadde styret ei strategisamling før sommaren. Der arbeidde me med å definere kva som blir viktig for opplæringskontoret å jobbe med framover. Me er allereie i gong med å jobbe med fleire tiltak og idear som me trur vil komme lærlingar og lærebedrifter til gode. Me kjeme til å dele meir om dette etterkvart.  

Me minner om at opplæringskontoret alltid er tilgjengeleg dersom de treng noko. Ta gjerne kontakt – og me kjem òg gjerne på besøk ut i bedriftene!

Previous
Previous

Strategisamling for Bømlo Opplæringskontor

Next
Next

Felles opplæringsbank for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget