Felles opplæringsbank for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget

Denne våren har instruktørar i barne- og ungdomsarbeidarfaget i Bømlo kommune gått saman om å lage ein felles oppgåvebank for alle lærlingane i kommunen. Målet har vore å sikre at alle lærlingar får ei god og heilskapleg fagopplæring – uavhengig av kva skule dei har læretida si ved.

Oppgåvene er kopla til kompetansemåla i læreplanen, og banken skal bidra til at lærlingane får innom alle relevante tema og arbeidsoppgåver i løpet av læretida. I tillegg gjer dette det enklare for nye instruktørar å ta over ansvaret for oppfølging av ein lærling dersom det skulle bli behov for det.

Det er ein engasjert gjeng med instruktørar frå ulike skular i kommunen som har stått bak arbeidet. Resultatet er ein konkret opplæringsplan, med rom for lokal tilpassing og fleksibilitet i kvardagen.

Plan for revidering av innhaldet er allereie lagt, slik at banken skal halda seg oppdatert og relevant også framover.

Previous
Previous

Hauststart for lærlingar og opplæringskontor

Next
Next

Engasjerte lærlingar besøkte 9. klasse på Moster