Engasjerte lærlingar besøkte 9. klasse på Moster
Lærlingane Yvonne Sjursen og Samuel Helland
Tidleg i juni var Bømlo opplæringskontor på besøk hos 9.klasse på Moster skule for å snakka om lærlingeordninga og moglegheitene som finst etter ungdomsskulen. Besøket var ein del av arbeidet med å gjera elevane betre rusta til å ta gode utdanningsval framover.
Arnhild frå opplæringskontoret forklarte kva eit opplæringskontor jobbar med, og korleis dei samarbeider med både elevar, vidaregåande skular og lærebedrifter. Dei snakka om korleis ein blir lærling, kva lærebedrifter ser etter når dei skal tilsetja, og ikkje minst kor viktig det er å gjera ein god innsats allereie på ungdomsskulen.
Med seg hadde dei to engasjerte lærlingar: Yvonne Sjursen, som er lærling i industrimekanikarfaget hos LOS Marine, og Samuel Helland, lærling i IT-driftsfaget i Bømlo Kommune. Dei delte sine eigne erfaringar med elevane – frå valet av utdanningsprogram på vidaregåande, til korleis det var å gå frå ungdomsskule til vidaregåande, og vidare til overgangen til arbeidslivet som lærling.
Yvonne og Samuel fortalte om kvardagen sin som lærlingar, korleis ein vanleg arbeidsdag ser ut, og kva dei har lært så langt. Begge understreka at dei har valt fag ut frå eigne interesser, og at dei trivst svært godt i lære. Dei syntest også det var kjekt å gå på yrkesfag på vidaregåande skule, og oppmoda elevane til å tenkja gjennom kva dei likar å jobba med når dei skal velja retning vidare.