Studietur til Italia – fagleg påfyll og nye idéar

I slutten av april reiste dagleg leiar og styreleiar i Bømlo Opplæringskontor på studietur til Campania-regionen i Italia. Turen var arrangert av FOSS (Foreningen for opplæringskontorene i sal og service) og FORM (Foreningen for Opplæringskontorene i Restaurant- og Matfag), og samla representantar frå opplæringskontor over heile landet.

Gjennom fire innhaldsrike dagar fekk me lære meir om marknadsføring, berekraft, Erasmus +, logistikk, produksjon, salsteknikkar og kultur. Programmet tok oss både til travle bysentrum og rolege landsbygder – med mykje å lære overalt.

Me besøkte blant anna Delizie Reali, der me fekk omvising i kjøkkenhage og sitrusplantasje, der blant anna den første margherita pizzaen blei laga. Me var på foredrag om Uliveti olivengard, der me også fekk kurs i olivenolje og olivenoljesmaking. I tillegg fekk me oppleve fleire andre små og store aktørar som driv med lokal produksjon og sal av mat og drikke.

Ein stor del av turen handla om å utveksla erfaringar med dei andre opplæringskontora – alt frå korleis ein følgjer opp lærlingar, til kva som fungerer godt i organiseringa av opplæringskontora. Det er alltid nyttig å knyte nye bekjentskap på tvers av Norge og få konkrete tips og triks.

Me fekk også nyta noko av det beste frå det italienske kjøkkenet, inkludert ein middag på Michelin-restauranten SUD der me fekk ei suppe som me seint vil gløyma (av fleire årsaker..).

Ekstra kjekt var det å få auge på skiltet til ei av medlemsbedriftene våre nede på kaia i Napoli!

Me kjem heim med masse nye innspel og inspirasjon, og ser fram til å dele meir med styret på strategisamling i juni.

Next
Next

Erfaringsdeling om lærlingoppfølging