Erfaringsdeling om lærlingoppfølging
Fredag 11. april inviterte me til samling retta mot alle som jobbar med oppfølging av lærlingar i medlemsbedriftene våre – og det var kjekt å sjå så mange møtte opp!
Me starta dagen med lunsj og god tid til å prate og knyte kontaktar på tvers av bedrifter. Deretter presenterte Bømlo Opplæringskontor den nye nettsida og fortalde om kva me jobbar med, og korleis me kan støtte både lærlingar og bedrifter i heile opplæringsløpet.
Rettleiingstenesta bidrog vidare med gode tips til korleis ein best kan støtte lærlingar, og kva dei som teneste kan bistå med i ulike situasjonar. Etter dette fekk me høyre frå to medlemsbedrifter: Anette frå Siemens Energy fortalde om deira velstrukturerte system for å følge opp lærlingar, medan Heine Teige fortalde om korleis Zinus brukar verktøyet fagrev.io for å styrke oppfølginga.
Me avslutta dagen med ein praktisk workshop, der deltakarane diskuterte korleis slike samlingar kan bli enda betre, og delte eigne erfaringar og tips til god oppfølging av lærlingar i kvardagen.
Takk til alle som deltok og bidrog til ein nyttig og triveleg samling! Dette skal me gjere igjen.
Er di verksemd ikkje medlem i Bømlo Opplæringskontor, men ønskjer å vite meir? Ta gjerne kontakt med oss for ein prat om medlemskap og moglegheitene det gir.