Viktig møte med fylkeskommunen
Arnhild presenterer til seksjon for inntak, forvaltning og sluttvurdering i VLFK
I går var Bømlo opplæringskontor på besøk hos Aker Solutions på Stord, saman med Ytre Sunnhordland opplæringskontor (YSO) og Haugaland og Sunnhordland opplæringskontor for elfag (HSO). Der møtte me seksjon for inntak, forvaltning og sluttvurdering i Vestland fylkeskommune (VLFK), seksjonen som mellom anna handterer søknad om skuleplass og læreplass, eksamen og fag-/sveineprøver, og godkjenning av lærebedrifter.
Mats Tøkje, leiar Stord Academy (Aker Solutions)
Aker Solutions fortalde korleis dei jobbar med og satsar på lærlingar, før dei tre opplæringskontora presenterte seg og gav ein status frå eige arbeid. Arnhild frå Bømlo opplæringskontor tok opp ei sentral utfordring: Fylkeskommunen dimensjonerer utdanningstilbodet etter søkjartal, ikkje etter behovet i det lokale næringslivet. Ho illustrerte dette med to eksempel frå Bømlo vidaregåande skule.
I det eine tilfellet blei vg2 Industriteknologi sett på pause skuleåret 2025/26 fordi det var for få primærsøkjarar med ungdomsrett. I ettertid har dette gitt mangel på kvalifiserte lærlingar, noko som har ført til at nokon har vorte lærlingar på såkalla FOB-kontraktar (full opplæring i bedrift). Dette gir igjen ein følgefeil: lengre læretid for desse går utover kapasiteten bedriftene har til å ta inn ordinære lærlingar i 2027.
I det andre tilfellet var det motsett: Høg søkjartal til elektrofaget og automatisering førte til at det har vore oppretta fleire ekstra klassar over tre skuleår, slik at (nesten) alle søkjarane har fått førsteønsket sitt. Talet på læreplassar i automatiseringsfaget har derimot lege stabilt på om lag 15 i året, medan talet på elevar som er ferdig med vg3 i faget no er oppe i 26. Det betyr at me kan få ei utfordring med å skaffe læreplass til alle på vg3 automatisering i 2027.
Ola Dahl Andersen frå YSO tok opp utfordringar knytt til overgangen frå elev til lærling, og korleis fagprøvane fungerer (og ikkje fungerer) i praksis. Her kom òg Aker Solutions med nyttige innspel på korleis dei opplever ordninga. Dei hadde tydelege innspel på kva VLFK må jobbe med for at dette skal fungere betre i praksis.
Frå VLFK si side blei det understreka at slike møte er viktige for at fylkeskommunen skal forstå korleis kvardagen faktisk ser ut for lærebedrifter og lærlingar. Det er stor skilnad på å sjå ei ordning på papiret og å oppleve han i praksis, og den erfaringa sit opplæringskontora tett på.
Møte som dette er ein viktig arena for å byggje forståing mellom fylkeskommunen og dei som jobbar tettast på lærlingane og lærebedriftene i kvardagen. Me håpar at innspela frå både Bømlo, YSO og HSO kan bidra til at framtidige utdanningstilbod blir betre tilpassa behova ute i næringslivet.
Hege Solbakken frå IFS takka på vegne av seksjonen for at dei fekk kome
Ein stor takk til Aker Solutions for at me fekk kome på besøk, og til seksjon for inntak, forvaltning og sluttvurdering i VLFK for eit godt og engasjert møte.