God innsats gjev resultat
Elevar på omvisning hos LOS Marine
No er me godt i gang med eit nytt skuleår, og me i Bømlo Opplæringskontor gler oss til å møte nye lærlingar utover hausten. I år som i fjor inviterer me alle nye lærlingar til lærling-kickoff i september, og det gleder me oss ekstra til.
Samstundes er det mykje anna å glede seg over. Ikkje minst er me glade for at vg2 Industriteknologi(PIN) er oppe og går att, med full – faktisk oversøkt – klasse. Fleire av medlemsverksemdene våre har stort behov for lærlingar med denne utdanninga, så det har vore krevjande for dei at ho måtte pausast i fjor på grunn av for få søkjarar.
Me ønskjer å løfte fram den gode innsatsen som bedriftene sjølv har gjort det seinaste året. Dei har teke imot alle elevar på vg1 Industriteknologi på bedriftsbesøk og omvisningar, og gjort ein solid jobb med å vise ungdom kva moglegheiter ein får etter vg2 PIN. At interessa no har teke seg så tydeleg opp er kjekt å sjå, og kan tyde på at innsatsen har gitt resultat.
Akkurat dette er noko av det me skal fortsette å jobbe for. Me skal jobbe for at medlemsverksemdene våre får tak i lærlingane dei treng, at lærlingane får den støtta dei treng gjennom heile læretida, og at det lokale opplæringstilbodet er dimensjonert etter behova til næringslivet.
Godt skuleår til alle, me gler oss til hausten som kjem!