Samling om å skape gode læreplassar
Kvart halvår inviterer Bømlo Opplæringskontor faglege ansvarlege, instruktørar og andre som jobbar tett på lærlingar, samt Bømlo vgs, til ei fagleg og sosial samling. På vårens samling deltok over 40 deltakarar frå ulike bedrifter for å dele erfaringar, bygge kompetanse og bli endå betre på å gi lærlingar ein god start i arbeidslivet.
Arnhild i Bømlo Opplæringskontor opna samlinga og oppmoda deltakarane til å bli kjende med kvarandre rundt borda - me hadde på forhånd prøvd å spre dei som kom frå same bedrift slik at ein kunne lære litt av kvarandre. Som alltid starta me med ein sosial bolk der deltakarane fekk ete lunsj saman og mingle.
Vanja Espeland, personalsjef i Bømlo Kommune og styreleiar i Bømlo Opplæringskontor, starta den faglege delen ved å ta deltakarane gjennom lovverket knytt til lærlingar. Kva kan ein bruke lærlingar til, og kva bør ein vere varsam med? Ho løfta også problemstillinga rundt det å «gå på topp», og korleis ein kan handtere dette i praksis på ein god måte.
Eit sentralt tema for som hadde vore spelt inn av deltakarane på forhånd var korleis ein kan lage gode opplæringsplanar som faktisk dekker kompetansemåla. Arnhild i opplæringskontoret hadde ein tydeleg bodskap: Det enkle er ofte det beste. Med konkrete eksempel viste ho korleis ein kan gå frå daglege oppgåver til strukturert læring og progresjon.
Arnhild presenterte ein konkret og praktisk 4-stegs modell:
Kartleggje drift og identifisere vanlege oppgåver
Dele opp i relevante og konkrete arbeidsoppgåver
Knyte oppgåvene til kompetansemåla
Sette eit tidsskjema på oppgåvene, og gjerne knyte opp mot avdeling o.l.
Asbjørn Mæland frå Rettleiingstenesta hadde så eit innlegg som handla om å forstå ungdommen. Saman med deltakarane reflekterte han kring korleis ungdom no tenkjer og lærer, og korleis eksterne faktorar som for eksempel teknologiutvikling påverkar ungdommen. Han løfta fram at endringar i forventningar og motivasjon blant unge stiller nye krav til leiarar og instruktørar i dag. Hans klart tydelege bodskap var at det viktigaste er å sjå lærlingen, like lærlingen, og skape tryggheit for lærlingen.
Som avslutning på dagen fekk me høyre frå lærlingrepresentant i styret til Bømlo Opplæringskontor, Martha Turøy, som er logistikklærling i Siemens Energy. Ho hadde eit flott innlegg frå eit lærlingperspektiv, om kva ho meiner er viktig å huske på når ein jobbar tett med lærlingar. Nokre av hennar klare råd:
Relasjon kjem før produksjon, og spesielt den første veka er avgjerande
Struktur og klare forventningar skapar tryggleik
Lærlingar treng tydeleg progresjon og små steg med aukande ansvar
Gode spørsmål og konkrete tilbakemeldingar styrkar læringa
Ros innsats, ikkje berre resultat
Unngå å ta over oppgåver, sjølv når det er tidspress
Å avslutte veka med refleksjon rundt kva ein har lært er minst like viktig som å starte veka med å planlegge oppgåver
Ho minna også om noko heilt grunnleggjande: Ein lærling hugsar ikkje berre kva dei gjorde, men korleis dei blei møtt.
Tusen takk til alle innleiarar, spesielt Martha som delte så raust med oss. Me set og pris på at så mange ville kome, og tar gjerne i mot innspel på kva haustens samling bør handle om!