Lærlingsamling med fagprøve i fokus
Bømlo Opplæringskontor samla forrige veke lærlingar frå ulike fag og medlemsbedrifter til ei fagleg samling med fokus på fagprøven.
Arnhild frå opplæringskontoret opna samlinga og ønska velkommen, alle lærlingane i salen presenterte seg sjølv, kva dei skulle ta fagbrev i, og kor dei var tilsett.
Elen Karine Katla, som nyleg har bestått fagprøven som automatikar i Bremnes Seashore, starta med å dele om opplevinga si. Ho delte erfaringar frå ein krevjande prøveperiode over 15 dagar, og gav konkrete og nyttige tips til lærlingane om korleis dei kan førebu seg best mogleg. Ho løfta fram kva som fungerte godt for henne, og kva sensorane faktisk legg vekt på under vurderinga.
Asbjørn Mæland frå rettleiingstenesta følgde opp med eit fagleg innlegg der han gjekk grundig gjennom kva sensorane ser etter, både i førebuing, gjennomføring og vurdering av eige arbeid. Han tok også opp vanlege feil mange gjer, kva som blir rekna som juks og kva konsekvensar det kan få. Gjennom konkrete døme frå fleire fag viste han korleis lærlingar kan synleggjere kompetansen sin på ein best mogleg måte.
Avslutningsvis oppsummerte Arnhild dagen. Ho supplerte med gode råd om korleis lærlingane kan handtere stress og usikkerheit i møte med fagprøven, og ikkje minst kva dei kan gjere dersom ting ikkje går heilt etter planen.
Samlinga vart runda av med pizzalunsj og god mingling, der totalt 28 lærlingar deltok.