Kven er Bømlo Opplæringskontor eigentleg?

Mange kjenner oss, men ikkje alle veit heilt kva rolle me har. Her svarar me på nokre av spørsmåla me ofte får. 

Kvar finn me opplæringskontoret?
Me leiger eit kontor på rådhuset på Bømlo, men me er mykje på farten. Mesteparten av jobben vår skjer ute hos bedrifter, på skular og i møte med lærlingar.

Ønskjer du å besøke oss bør du difor avtale tid på forhånd. Me kjem gjerne ut på besøk til deg!

Kven treff du hos oss?
Som oftast er det Arnhild du møter. Arnhild er leiar av opplæringskontoret, og har ansvar for alle lærlingar som jobbar i det private næringslivet. 
John Helge er opplæringskonsulent, og har ansvar for kommunale lærlingar. 

Saman jobbar me tett mot både lærlingar, bedrifter og samarbeidspartnarar.

Er opplæringskontoret kommunalt?
Nei.

Me er ikkje ein del av kommunen, sjølv om me held til på rådhuset. Bømlo kommune er medlem hos oss på lik linje med andre samarbeidsbedrifter. 

Bømlo Opplæringskontor er eigd av medlemsbedriftene, og det er medlemsbedriftene som gjennom årsmøtet og via representantar i styret prioriterer kva opplæringskontoret skal jobbe med.

Kven jobbar de eigentleg for – lærlingen eller bedrifta?
Begge. Me er ein tredjepart. Det betyr at me skal sikre ei god opplæringstid både for lærlingen og for lærebedrifta.

Me er ikkje “på sida” til nokon, men jobbar for at samarbeidet skal fungere, at forventningar er avklarte og at læreplanen blir oppfylt.

Kvifor treng ein eigentleg eit opplæringskontor?
Bedrifter er ofte travle, og då kan det vere nyttig med støtte frå nokon som har spissa kompetanse på lærlingordninga. Me bidreg med struktur og rettleiing, og kan og vere ein ekstra tryggleik for lærlingen ved behov. 

I tillegg bidrar me inn i rekrutteringa til yrkesfag og læreplassar, og legg til rette for nettverkssamlingar der bedrifter kan utveksle erfaringar og dele kompetanse.

Må ein vere medlem for å ta kontakt?
Nei. Du kan alltid ta kontakt for ein uforpliktande prat, enten du er bedrift, lærling, elev eller forelder.

Kvifor finst me?
Fordi næringslivet treng fagfolk, og elevar treng gode læreplassar.

Me jobbar for at fleire skal fullføre fagbrev, og for at bedriftene på Bømlo skal ha tilgang på rett kompetanse i framtida.

Har du andre spørsmål enn dette?
Her finn du spørsmål og svar som retta mot framtidige eller noverande lærlingar, og her finn du spørsmål og svar retta mot bedrifter.
Finn du ikkje svaret på det du lurer på så ta kontakt med oss!

Next
Next

Frukostmøte om rekruttering samla næringslivet på Bømlo