Lærling kick-off 2026
I full gong med stafett
Denne veka samla me 32 lærlingar frå medlemsbedriftene våre, alle nyoppstarta lærlingar no i haust, til lærling-kickoff på Kulleseidkanalen gjestehavn.
Dagen starta med ein sosial bli-kjent-del, der deltakarane vart delte inn i fem lag. Laga blei først heven ut i ein stafett bestående av blant anna tre-beinsløp, kjeks-eting og plystring, ballkast og koppflipping. Kort tid etterpå fekk dei roa pulsen (eller ikkje?) med ein hjernetrim-konkurranse med puslespel og anagramløysing.
Etterpå var det klart for å vise fram litt individuelle ferdigheitar (og/eller flaks) i frisbee-putting, før det igjen var ei gruppeoppgave der laga konkurrerte i å telje mest mogleg nøyaktig til fem minutt. Siste utekonkuyranse var å ta det kjekkeste lagbildet, før me gjekk inn for ein avgjerande runde i quiz.
Etter ein god lunsj fekk lærlingane besøk av Martha Turøy, lærlingrepresentant og sjølv lærling i Siemens Energy. Ho fortalde om kva ho kan bidra med for lærlingane, og ba lærlingene ta kontakt om det var noko hu skulle ta med inn til styret i Bømlo Opplæringskontor. Deretter heldt Anette Sakseide, også frå Siemens Energy, eit innlegg frå arbeidsgjevarsida – om kva bedriftene forventar av lærlingane, og korleis dei kan få mest mogleg ut av læretida.
Midt i samlinga streama me starten av gravferda til Kong Harald, og heldt eitt minutts stillheit saman med resten av landet klokka 13.00.
Vidare fortalde Asbjørn Mæland frå rettleiingstenesta i VLFK om formaliteter kring læretida, kva lærlingene kan forvente av arbeidsplassen og vice versa, og kva rettleiingstenesta og opplæringskontoret kan hjelpe med. Til slutt fortalde Arnhild litt om Bømlo Opplæringskontor og om Fagbrev IO, verktøyet lærlingane skal bruke til dokumentasjon gjennom heile læretida.
Det vart ei veldig kjekk og sosial samling, og me ønskjer alle nye lærlingar lukke til med lærlingtida!