Vil ha tettare samarbeid om læreplassar i Automatiseringsfaget

Representantar frå lokale automasjonsbedrifter, Bømlo vidaregåande skule og Bømlo Opplæringskontor møttest 24. september for å drøfte korleis ein kan sikre fleire læreplassar og styrkje samarbeidet om rekruttering av lærlingar. Bakgrunnen for møtet er at det i år er 25 elevar på Vg3 Automatisering som skal søkje læreplass i 2027. 

Målet med møtet var å samle bedriftene for å drøfte korleis ein saman kan møte behovet for læreplassar i faget og finne gode løysingar som kjem både elevane og næringslivet til gode. Det vart òg diskutert korleis eit tettare samarbeid mellom bedrifter, skule og opplæringskontor kan bidra til ein meir føreseieleg prosess rundt rekruttering av lærlingar. 

Vidare vart det drøfta om det er mogleg å auke talet på læreplassar i regionen. Fleire av bedriftene er positive til å vurdere dette, samstundes som skulen og opplæringskontoret vil arbeide vidare med å kartleggje nye verksemder som kan vere aktuelle lærebedrifter. 

Møtet synte stor vilje til samarbeid og vidare dialog. Arbeidet held fram gjennom kontakt med fleire skular og bedrifter i regionen for å sikre eit best mogleg tilbod til framtidige fagarbeidarar.

Dersom de vurderer å ta inn lærling, eller vil vite meir om kva som skal til for å bli lærebedrift, er de velkomne til å ta kontakt med oss! 

Next
Next

Lærling kick-off 2026