Samling for medlemsbedrifter
Driv du med oppfølging av lærlingar i di bedrift? Kanskje kan denne samlinga vera nyttig for deg.
Fredag 11. april klokka 11.45-15.00 inviterer me til samling for lærlingkoordinatorar, faglege leiarar og andre som jobbar med oppfølging av lærlingar. Samlinga vert i Kommunestyresalen på Bømlo Rådhus.
Her vil me ha fokus på erfaringsdeling, samt at ein får informasjon om nye ordningar og kva Bømlo Opplæringskontor og Rettleiingstenesta kan bistå med. Me set av god tid i starten til å ete lunsj og mingle litt på tvers av bedrifter.
Zinus og Siemens Energy kjem for å dele litt om korleis dei jobbar med lærlingar, før me avsluttar med gruppesamtalar og erfaringsutveksling.
Samlinga er kun for medlemmar i Bømlo Opplæringskontor. Er du interessert i å bli medlem? Ta kontakt med oss for ein prat!