Fagbrev på jobb
Kva er fagbrev på jobb?
Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for ufaglærte arbeidstakarar med allsidig erfaring i eit lærefag og som ønskjer å ta fagbrev i dette faget. Det betyr at du kan få formell kompetanse utan å måtte gå vegen om tradisjonell skulegang. Kandidaten sin praksis blir vurdert opp mot kompetansemål i lærefaget og skriv opplæringskontrakt med lærebedrifta. Minimum opplæringstid er 1 år.
Kven er aktuell kandidat for ordninga?
Kandidaten skal ha minst eitt års arbeidserfaring i 80-100% stilling i det aktuelle lærefaget og vera tilsett i minst 50 % i lærebedrifta som søkjer på vegne av kandidaten. Kandidaten skal trenge opplæring og ha mindre enn fire år med relevant praksis i lærefaget.
Kva krav er det til lærebedrifta?
Bedrifta må vere godkjend lærebedrift med fagleg leiar i det aktuelle lærefaget. Det blir betalt ut læretilskot basis 2 for kandidaten i opplæringsperioden.
Les meir om ordninga her.
Opplæringskontoret kan hjelpa til med søknadsprosess og vurdering av praksis opp mot kompetansemål i aktuelt lærefag. Ta kontakt dersom dette kan vera aktuelt.
OBS! I 2024 vart det politisk bestemt i Vestland at fagbrev på jobb skal være ei fast ordning i 2025 og 2026. Ordninga vil så bli evaluert etter dette. Det er derfor lurt å nytte seg av ordninga no.