Vårens vakraste eventyr – fagprøven!
Fredag 28. mars samla Bømlo Opplæringskontor alle lærlingar som skal opp til fagprøve i år, eller tidleg neste år, til ei samling om førebuing og gjennomføring av fagprøven.
Fredrik Engevik, som deltok på fjorårets fagprøvesamling og no er utdanna automatiker, delte si eiga erfaring med fagprøven. Han fortalde korleis han førebur seg, korleis sjølve prøven gjekk føre seg, og kom med gode tips og triks til korleis ein kan stå best mogleg rusta.
Deretter tok Asbjørn Mæland frå Rettleiingstenesta over og forklarte det formelle rundt fagprøven: Kva må vera på plass i forkant, kva som blir rekna som juks, og kva ein gjer dersom ein får karakteren "ikkje bestått".
Arnhild Tveita-Larsen i opplæringskontoret oppsummerte samlinga med desse punkta:
Tips fram mot fagprøven:
Ha interesse for faget ditt og tenk over kvifor du valde det.
Snakk fag med kollegaer og instruktørar, og be om oppgåver som hjelper deg å øve på det du er usikker på.
Dokumenter godt i fagbrev.io – dette kan brukast under sjølve fagprøven!
Kjenn til kompetansemåla i faget ditt. Det er desse som definerer kva du skal kunne. Kople dei opp mot konkrete arbeidsoppgåver du utfører i bedrifta.
Gjennomføring av fagprøven:
Les oppgåva nøye, og sørg for at du forstår ho. Spør prøvenemnda dersom noko er uklart.
Gå grundig gjennom vurderingskriteria – det er desse prøvenemnda legg til grunn når dei vurderer deg.
Hugs at fagprøven består av tre delar:
Førebuing
Gjennomføring
Evaluering og dokumentering
Handtering av uforutsette hendingar:
Forklar kva som skjedde og kvifor det gjekk gale.
Vis at du kan faget ved å tilpasse deg situasjonen og finne løysingar.
Om stress og nervøsitet:
Det er heilt normalt å vera nervøs før ei stor prøve.
Førebu deg godt saman med instruktør eller fagansvarleg.
Sørg for å forstå kvifor du gjer det du gjer – og still spørsmål dersom noko er uklart.
Det verste som kan skje er at du stryk. Det er ubehageleg, men ikkje ei krise – du får alltid ein ny sjanse.
Samlinga blei avslutta med pizzalunsj og mingling. Me ønskjer gjengen lykke til!