Sterke historiar gjorde inntrykk på 200 lærlingar

Forrige fredag var om lag 200 lærlingar frå Stord og Bømlo samla på Stord kulturhus til føredraget Bror. Deltakarane kom frå Ytre Sunnhordland opplæringskontor (YSO), Haugaland og Sunnhordland opplæringskontor for elektrofag (HSO) og Bømlo opplæringskontor (BOK).

Føredraget set søkjelys på psykisk helse, med særleg vekt på utfordringane gutar og unge menn møter. Gjennom personlege historiar og faglege perspektiv fekk lærlingane innsikt i korleis oppvekst, forventningar og livserfaringar kan påverka identitet, meistring og psykisk helse.

Tidlegare europameister i bryting, Felix Baldauf, delte historia si om ein krevjande oppvekst prega av fråvær og rus i nær familie, kombinert med høge prestasjonskrav. Med openheit fortalte han om korleis sårbare erfaringar har forma han som menneske, og korleis motgang kan utviklast til styrke og meistring.

Even Karpuz, som har bakgrunn innan idrettsvitskap og likestilling og mangfald, bidrog med faglege refleksjonar kring inkludering, utanforskap og normer i samfunnet. Med brei erfaring frå arbeid med ungdom og vaksne gav han lærlingane eit viktig perspektiv på korleis ein kan skapa meir inkluderande miljø og ta vare på kvarandre.

Even og Felix

Målet med samlinga var å setja psykisk helse på dagsorden og bidra til refleksjon, openheit og samtalar om tema som ofte kan vera vanskelege å snakka om.

Ei stor takk går til Merethe og Ola i YSO for organisering av dette viktige arrangementet.

Next
Next

Vil ha tettare samarbeid om læreplassar i Automatiseringsfaget