Slik tar du «praten»* – (*om yrkesfag)

Det kan fort bli flaut å spørja ungdommen i huset om kva han eller ho «skal bli» når hen blir «stor». Men her hjelp me deg med ei rekke gode argument for å velje eit studie som så godt som garanterer ein god jobb i framtida: nemleg yrkesfag.

Dersom ungdommen seier: «Eg veit ikkje»

Kan du seie:

- «Så bra, då er jo yrkesfag perfekt. Du lærer ting du får bruk for uansett om du veljer det yrket eller ikkje. Ingen angrer på at dei kan snekre sjølv, for eksempel.»

- «Mange yrkesfag lar deg velge retning i år to, så du treng ikkje bestemme deg sånn heilt med ein gong.»

Dersom ungdommen seier: «Årh, eg er så lei av skule no.»

Kan du seie:

- «Flaks då, at yrkesfag betyr mindre pugging og meir praktisk.»

- «Du kjem mykje raskare ut i god jobb med yrkesfag, veit du?»

Dersom ungdommen seier: «Eg tenker å starta noko for meg sjølv.»

Kan du seie:

- «Wow, for eit samantreff! På yrkesfag lærer du å drive eit selskap gjennom ei ungdomsbedrift. Samtidig som du lærer ei rekke andre nyttige ting.»

Dersom ungdommen seier: «Eg vil tjene pengar, lurar på å jobbe i staden for.»

Kan du seie:

- «Tøft! Tar du yrkesfag blir du jo ganske kjapt lærling, og får løn mens du utdannar deg. Vinn-vinn!»

Dersom ungdommen seier: «Eg er så usikker på framtida.»

Kan du seie:

- «Det er så stort behov for faglærte folk framover, at du nærmast er garantert ein jobb etter yrkesfag. Noreg treng deg!»

Med desse argumenta får du i alle fall kanskje ein god samtale ut av ungdommen. Og alt er heilt sant, med yrkesfag er du sikra kunnskap, kompetanse og erfaring som vil vera nyttig uansett kva du finn på seinare.

Lukka til med praten!

Her kan du lesa meir om faga og læreplassane