Open dag på Bømlo vgs
Bremnes Seashore sin stand på Kunnskapssmia
I år, som i fjor, inviterte Bømlo vidaregåande skule til open dag både på Kunnskapssmia og på Leite. Arrangementet gav eit godt innblikk i kvardagen på skulen, og mange tok turen innom for å bli betre kjende med dei ulike utdanningsprogramma.
Elevar frå dei ulike linjene var sjølve til stades og representerte faga sine. Dei tok imot besøkjande, svara på spørsmål og viste rundt på skulen. I tillegg var fleire lokale bedrifter inviterte inn for å vise fram karrieremoglegheiter for lærlingar og andre som tek utdanning på Bømlo vgs. At næringslivet stiller opp på denne måten, viser det gode og tette samarbeidet mellom skulen og lokalt næringsliv, og kor viktig rekruttering og kompetansebygging er for regionen.
Open dag er ein viktig arena for rekruttering til vidaregåande opplæring på Bømlo. Når både foreldre og framtidige elevar får moglegheit til å sjå skulen frå innsida, møte elevar og tilsette og få oversikt over utdanningstilboda, blir det enklare å ta eit informert val.
Takk til Bømlo vidaregåande skule med eit vel gjennomført arrangement, med mange besøkjande og god stemning gjennom heile dagen. Me håpar og trur at dei som no står framfor valet av vidaregåande skule gjekk heim litt klokare, og kanskje litt meir motiverte for å velje Bømlo vidaregåande skule.
Til slutt, ei oversikt over ulike vegar til målet som lærling. Har du spørsmål? Ta kontakt med oss i opplæringskontoret!