Full trøkk på Utdanningsmessa

LOS Marine sin stand

Forrige veke var me til stades på den årlege Utdanningsmessa som går over to dagar på Vikahaugane. Bømlo var som vanleg godt synlege med si eiga Bømlagate. Her samla me både næringsliv, skule og offentleg sektor for å vise fram dei mange moglegheitene som finst for utdanning og læreplass på Bømlo.

I år hadde me med oss 12 aktørar i Bømlagata: Bremnes Seashore, Bømlo kommune, Bømlo Næringsråd, Bømlo vidaregåande skule avdeling Leite og avdeling Rubbestadneset, Eidesvik Offshore, LOS Elektro, LOS Marine, Matre, Multisafe, Siemens Energy, Smart Automation og Wärtsilä.


Det er spesielt kjekt at Bømlo vidaregåande skule stilte sterkt frå begge avdelingar, noko som tydeleg viser det gode samarbeidet mellom skule og næringsliv på Bømlo. Dette samarbeidet er heilt avgjerande for å gi ungdomane gode og realistiske val for framtida.

Det var jamt over godt besøk i Bømlagata, og mange elevar tok turen innom for ein prat med bedriftene. I år som i fjor hadde me ein eigen Bømlabingo, som motiverer besøkjande til å slå av ein prat med alle bedriftene i Bømlagata. Bømlo Opplæringskontor delte ut merch til alle som deltok i bingoen, og trakk ut nokre heldige vinnarar av gåvekort. Bingoen bidrog til endå betre stemning og godt trøkk begge dagane.

Takk til alle aktørane som deltok i Bømlagata, og til alle som tok turen innom oss. Me er svært nøgd med årets gjennomføring og imponert over engasjementet til elevane.

Next
Next

Besøk oss i Bømlagata på Utdanningsmessa!